> ## Content Index
> Fetch the complete content index at: https://rotveven.ghost.io/llms.txt
> Use this file to discover other available public pages before exploring further.

# Draumen om eventyret: Peter S. Beagles The Last Unicorn
- URL: https://rotveven.ghost.io/drommen-om-eventyret-peter-s-beagles-the-last-unicorn/
- Published: 2026-08-31T08:38:20.000Z
- Updated: 2026-08-31T17:53:56.000Z
- Description: “You whom Haggard holds in thrall / Share his feast and share his fall / You shall see your fortune flower / Till the torrent takes the tower / Yet none but one of Hagsgate town / May bring the castle swirling down.”
- Author: Even
- Tags: Bok

*«Einhyrningen budde i ein syrinskog, og ho budde heilt åleine.»*

Innleiinga til The Last Unicorn av Peter S. Beagle [har vorte skildra som den beste opninga av nokon fantasyroman](https://screenrant.com/best-opening-line-fantasy-peter-beagle/?ref=rotveven.ghost.io). Kva ein enn meiner om det, set ho tonen for ei melankolsk og mystisk forteljing som har etablert seg som ein av dei store klassikarane i fantasysjangeren.

Eg las ho i sommar. Her er nokre av tankane eg har gjort meg. *Obs! Teksten inneheld spoilerar for handlinga i The Last Unicorn, sjølv om eg ikkje seier korleis det går.*

*The Last Unicorn* handlar om nettopp det tittelen tyder på: Den siste einhyrningen, i ein verd som er i ferd med å gløyme kva einhyrningar er, som reiser ut for å finne ut kva som har skjedd med dei andre einhyrningane.

Reisa dit er ein klassisk fantasy-road movie. Einhyrningen blir teken til fange av eit omreisande sirkus, frigjort av trollmannen Schmendrik ([eit jiddisk ord for ein patetisk mannsling](https://en.wikipedia.org/wiki/Shmendrik?ref=rotveven.ghost.io)). Dei blir tekne til fange av røvarar, som er ein slags Temu-versjon av Robin Hoods bande, men kjem seg unna saman med Molly Grue, som er lei av røvarlivet.

Dei andre einhyrningane blir heldne fanga under havet av ein konge, Haggard, som held på makta ved hjelp av det mektige fabeldyret kjent som den Raude Oksen. Haggard er ute av stand til å finne glede i noko ting, og lever eit ørkeslaust tilvære i eit tomt og trist slott. Det einaste som gjev han ein slags vag kjensle av glede er å sjå dei fanga einhyrningane som skum på bølgjene.

Folket i Hagsgate, byen i nærleiken, har ein spådom over seg som seier at dei vil ta del i velstanden til kongen, heilt til nokon frå deira eigen by vil føre til fallet hans. I eit forsøk på å hindre denne skjebnen i å utspille seg har dei slutta å få ungar. Dei lever ein fargelaus eksistens, med mykje velstand, men inga sann glede.

Likevel vart det født eit barn ein dag. Dei sette det ut, men kongen adopterte det.

Framme ved slottet blir einhyrningen angripen av den Raude Oksen, som er så mektig at ingen klarer å stå imot han. For å verne einhyrningen forvandlar Schmendrik henne til eit menneske. Oksen, som har som oppgåve å fange einhyrningar, blir forvirra av dette.

Forkledd som menneske tek einhyrningen og følgjet hennar teneste på slottet for å finne ut kva som har skjedd med dei andre einhyrningane. Den adopterte sonen til kongen, Prins Lir, blir fascinert av den mystiske unge kvinna som har dukka opp på slottet, og einhyrningen sjølv, fanga i ein menneskekropp, begynner å gløyme at ho nokon gong har vore noko anna.

Eg skal ikkje seie korleis det går, men eg kan røpe så pass at det ikkje finst nokon friksjonsfri lykkeleg slutt, berre vanskelege val, der ein uansett kva ein vel òg må sjå noko gå tapt.

*The Last Unicorn* vart skriven i 1968, og har sidan vorte omsett til ei rekkje språk, gjeven ut i eit stort berekna opplag og vorte etablert som noko av ein klassikar innanfor fantasysjangeren.

Det er kanskje vanskeleg å tenkje seg i dag, men einhyrningen har gjennom tidene ofte vore sett på som eit veldig maskulint dyr, som berre kunne temmast i møtet med ei jomfruleg kvinne. Plinius den eldre skildra han som *«eit veldig hissig dyr med hovudet til ein bukk, føtene til ein elefant, halen til eit villsvin og resten av kroppen som ein hest, med ein djup, brummande lyd»*.

Skildringar av einhyrningar og neshorn har gripe inn i kvarandre.

Eit døme på det er Marco Polo, som skildra einhyrningar som *«veldig stygge dyr» som «tilbringar tida med å rulle seg i gjørme»*. *«Dei er ikkje i det heile teke slik vi skildrar dei, når vi fortel at dei lèt seg bli tekne til fange av jomfruer. Dei er stikk motsett av kva vi trur.»*

Det var altså ikkje sjølvsagt at forfattaren skulle velje å presentere einhyrningen i hokjønnsform. Samstundes sår han sjølv tvil om denne klassifiseringa i teksten, gjennom korleis andre skildrar henne.

*«Ein mann og ei kvinne. Den tredje, i kappa – eg er ikkje sikker på den tredje»*, seier vaktpostane i kongens slott når dei skildrar Schmendrick, Molly og einhyrningen som nærmar seg. Prins Lir blir òg åtvara om å vere *«varleg med å kalle den tredje for mannleg eller kvinneleg»*, men er sjølv sikker i si sak: *«Det er ei kvinne. Eg vil tvile på mitt eige kjønn før eg tviler på hennar»*.

Einhyrningen, som har opplevd eit magisk skifte i kropp og identitet, strir med dei som vil låse henne i den ein eller den andre forma. *«Lir vil ha meg, like mykje som den Raude Oksen ville, og utan å forstå meg noko betre. Men han skremmer meg meir enn Oksen, fordi han har eit godt hjarte»*, seier einhyrningen på eit tidspunkt.

Timothy S. Miller og Arwen Paredes (i [The First Queer Unicorn?: Reading Peter S. Beagle’s The Last Unicorn as Trans Narrative](https://www.mdpi.com/2410-9789/6/1/2?ref=rotveven.ghost.io)) brukar denne lesinga for å forklare kvifor boka har vorte omfamna av mange blant skeive/transfolk, og sjølv har gjeve viktige bidrag til at einhyrningen har vorte etablert som noko av eit skeivt symbol.

Gode fantasybøker, eller bøker i alminnelegheit, opnar for ulike lesingar ut frå tida og posisjonen ein finn seg i. Det er vel derfor vi aldri blir heilt ferdige med dei.

Eg har sjølv ingen snedige analysar eller veldig djupsindige tankar om *The Last Unicorn*, men det var meir enn nok til at boka gjorde sterkt inntrykk på meg.

Det som klang mest i meg, var kanskje den gjennomgripande melankolske grunntonen. Det er som om alle klamrar seg fast til ein slags draum om kva dei trur at dei skal vere, utan heilt å lukkast med det.

Sirkuset som tek einhyrningen til fange, presenterer sminka dyr som om dei var fabeldyr, medan dei verkelege fabeldyra der, einhyrningen og harpyien, framstår som famlande og mindre enn dei eigentleg er. Schmendrick strir stadig med å ikkje nå opp til den storleiken som er venta av ein magikar. Prins Lir reiser rundt og drep kjemper og dragar, fordi det er slikt ein helt er venta å gjere. Einhyrningen rivast mellom erfaringane som eit dødeleg menneske og ein overnaturleg fabelvesen.

Dei er medvitne om rollene sine. Lir er helten i historia, Schmendrick er trollmannen, og det set grenser for kva dei kan og ikkje kan gjere. Karakterane veit at dei rører seg i eit mønster som liknar eit eventyr. Dei kjenner att roller, vendepunkt og det som må til, men det er likevel ikkje eit inneforstått, fjerde vegg-brytande blink til lesaren. Det er meir ei form for resignert skjebnespel.

Samstundes gjev ikkje rollene dei berre avgrensingar, men tilbyr òg ein form for retning. Lír kan først bli modig fordi han prøver å fylle helterolla, og Schmendrik kan først bli ein verkeleg magikar når han sluttar å gøyme seg i ironien til den mislykka trollmannen. Samstundes lèt ikkje Beagle eventyrforma reparere alt. Helten får ikkje utan vidare den han elskar, og den forheksa vender ikkje tilbake til sitt eigentlege eg utan å bere med seg det ho har mista.

Ikkje minst ser vi det i Hagsgate, den rike byen som i eit forsøk på å bevare velstanden sin vil hindre spådomen i å bli sann. Dei har valt å fornekte framtida for å få nåtida til å vare evig, og dermed har dei på eit vis òg slutta å leve.

Det er ubehageleg lett å sjå parallellar til vår eiga tid: eit samfunn som kjenner kostnaden ved å halde fram som før, men meir enn gjerne undergrev sitt eige eksistensgrunnlag for å halde det oljedrivne industrisamfunnet gåande litt til.