Om Rotveven
"Veven syng vakkert når vi høyrer på avstand. Men jo nærare ein lyttar, jo meir merker ein at straumane òg stritt imot kvarandre, som ei floke av pust og vilje. Kanskje er det i slik usemje verda held seg levande", seier vevsongaren Leik.
Dette er ei notisbok for arbeidet med ein fantasyroman og eit kreativt prosjekt ved namn Rotveven. Dette er historier som har vakse i meg i løpet av det siste året, og som gradvis har funne den forma dei er i ferd med å vekse inn i no.
Det byrja med små historier, som vart fleire, til dei forma ein heil liten krattskog av røter og greiner og blad. Etter kvart byrja Eikhjarta og Rotveven rundt dei å bli ein slags arena å bearbeide tankar i. Samstundes fekk karakterane støtt meir av sitt eige liv. Eg har ledd og gråte og utforska djupe eksistensielle spørsmål i lag med dei. Eg innbiller meg at historiene kanskje har noko å gje andre òg.
Her kjem eg til å poste ting med tilknyting til prosjektet. Litt for å forplikte meg sjølv til arbeidet, litt for å dele noko av det som ikkje heilt passar inn i sjølve romanen, kanskje litt for marknadsføringa sin del òg, som eg har vorte fortald at ein lyt bry seg om. Det er ikkje heilt utan misunning eg skriv om Eikhjarta, som aldri kjem til å vite kva marknadsføring er.
Biletet på framsida er teke i Hexenwald, Waldpark Semper auf Rügen, nordaust i Tyskland, ein del av vår eigen rotvev.