Dei tre belarane til Eirdin

Share
Dei tre belarane til Eirdin

Slik seier dei gamle:

Dette hendte ein gong då verda var ung, og gudane som budde i henne var unge dei òg. Ein av dei var Veigard, og han gjekk ut i den unge verda for å finne sin eigen plass i henne.

Landet han kom til var framleis utemd, og ho som heldt det heitte Eirdin. Veigard visste ikkje det enno, men han såg henne og ynskja å dele jorda med henne.

«La oss dele jorda og dyrka han saman, og dele eld og føde, og kanskje kropp og liv òg», sa Veigard då han såg henne.

«Du er ikkje den første som spør meg om det», svara Eirdin.

«Så det er ein som har kome før meg.»

Eirdin lo.

«Du er ikkje den andre som spør heller.»

«Deler du dette med ein annan, då?»

«Ikkje enno. Eg vil dele alt dette med den som viser at han kan vere god for meg.»

«Fortel meg korleis eg kan vise det», bad Veigard.

Det var tre belarar som hadde kome til Eirdin.

Den eine var fager, men òg lat, og ville gjere så lite arbeid som mogleg.

Den andre var flittig, men òg ærgjerrig, og ville eige og herske over mykje.

Den tredje var Veigard.

«Eg har tre stykkje jord», sa Eirdin. «Den som vil dele jord og arbeid med meg må kunne føre ein plog. Vil de syne meg kva de kan?»

Kvar av dei tre skulle pløye og plante på kvart sitt stykkje.

Den flittige, men ærgjerrige belaren pløgde ei djup fure, men sådde frøa så tett at plantane veks for tett på kvarandre, og ingen av dei vart særleg store.

Den fagre, men late belaren føra plogen lett over jorda. Arbeidet gjekk raskt, men han etterlet seg berre ei grunn fure, så frøa som vart sådde der vart ete av fuglar.

Veigard såg kor raskt han jobba og freista å halde følgje, og då gjekk det ikkje mykje betre med han. Men Veigard så òg at elva flauma så vatnet heldt på å renne over åkeren, og pløya ei fure så det skulle renne utanfor i staden.

Eirdin såg på arbeidet til dei tre og rista på hovudet.

«Ingen av de har gjort eit godt arbeid her», sa ho og gjekk inn.

Inne i huset sto gryta klar, men grua var kald.

«Den som vil dele eld og føde med meg må kunne tenne ein god eld. Vil de syne meg kva de kan?», spurte Eirdin.

Kvar av dei skulle gjere opp eld til ein kveld.

Den fagre, men late belaren orka ikkje puste på glørne lenge nok til at flammane tok, så det vart ein stussleg eld.

Den flittige, men ærgjerrige belaren bygga ein større eld enn nokon andre, men han vart så stor at gryta vart raudglødande og maten vart svidd.

Veigard vart imponert av den store vedstabelen han kom med og freista å gjere det same, og det gjekk ikkje veldig bra. Men han så òg at gluggen hadde tetta seg så røyken fylte stova, og gjorde så den kunne kome ut i staden.

Eirdin såg på arbeidet til dei tre og rista på hovudet.

«Ingen av de har gjort eit godt arbeid her», sa ho og gjekk inn på sovekammeret.

«Den som vil dele kropp og liv med meg må kunne føre seg som ein elskar», sa Eirdin. «Vil de syne meg kva de kan?»

Kvar av dei skulle vitje Eirdin i sovekammeret ei natt.

«Eg byr deg, framandkar, inn i sovekammeret mitt, så vil vi ikkje vere framande når morgonen kjem», sa ho då den første kom om kvelden.

Og han svara:

«Eg tek imot gjestfridomen din, framandkvinne. Veggane vil verne oss, og morgonen vil finne oss kjende.»

Den fagre, men late belaren var vant til å imponere med utsjånaden, så han la ikkje mykje arbeid i å gjere Eirdin nøgd, og det vart ho heller ikkje.

Eirdin hilste den neste på same vis kvelden etter, og han svara med dei same orda.

Den flittige, men ærgjerrige belaren ville styre alt sjølv og få Eidrin til å gjere som han ville, men det gjorde ho ikkje.

Veigard vart òg hilst på same vis som dei to andre, men denne gongen såg han ikkje på kva nokon av de andre belarane gjorde. I staden lytta han til Eirdin.

«Viss begge lyttar og begge syng, kan vi finne tonen saman», sa han, og det likte ho.

«Her har ein av de gjort eit godt arbeid», sa ho etterpå, og ho og Veigard så på kvarandre og var begge nøgde. «Men du gjorde meg berre nøgd med ein av dei tre prøvane.»

Veigard svara:

«No har eg gjort det du kan godt, men du har ikkje spurt kva eg kan.»

«Kva er det, då?» sa Eirdin.

«Eg kan vakte og verje mot farar. Eg kan felle tre og rydde land. Eg kan jakte og temme dyr og få dei til å trekkje plogen, så vi slepp å gjere det sjølv.»

«Det er ikkje dårlege ting å kunne», sa Eirdin.

«Eg kan òg pløye ei fure så vatnet renn utanfor åkeren, i staden for å drukne han, og gjere så gluggen ikkje blir tett og røyken siv ut i staden for inn.»

«Så, det var du som gjorde det. Det er òg gode ting å kunne, svara ho.

«Viss vi skal dele eld og føde, kropp og liv, kan vi òg dele arbeid», sa Veigard. «Men vi treng ikkje dele det så begge gjer det same. Grua og det som veks i jorda kan vere ditt, og utmark og dyr kan vere mitt.»

«Grua er mi, men veden veks ikkje i grua. Jorda er mi, men dyra et òg av det som veks i ho. Vi får dele, men òg passe på kvarandre sitt arbeid», svara Eirdin.

«Korn og tre veks frå same jord. Vi får arbeide saman, ikkje berre kvar for oss, og lære av kvarandre», svara Veigard.

Eirdin smilte og sa:

«Eg trur eg ikkje berre har funne ein sterk mann, men ein klok òg. Eg byr deg, inn i sovekammeret mitt, som mindre av ein framandkar denne gongen.»

Slik seier dei gamle, så slik får det vere.

Dette er ei soge-i-ei-soge, eit eventyr som personane i Rotveven-historia fortel til kvarandre, om Veigard og Eirdin, som er gudane til folket i Lauvdal.

Det byrja med at replikken om «framandkar» og «framandkvinne» dukka opp som rituelle frasar i ei scene, og eg måtte finne ut kor dei kom frå. Kvifor vil dei anerkjenne at dei er framande for kvarandre før dei deler sengeleie?

Svaret ble dette eventyret. Kanskje dukkar det opp i den ferdige historia, kanskje blir det berre verande i bakgrunnen.