Vi har vanskeleg for å elske det vi ikkje kan gje eit namn
Parken strekk seg som ein gråblå tarm tvers gjennom Groruddalen, mellom motorvegar, toglinjer og næringsbygg. Kraftlinjene som kryssar stigen knitrar når det kjem fukt på dei. Den grå byen er tett på. Vegar og master, rørleidningar og suset av trafikk.
Det luktar råte av trea som veks langs elvebreidda. Tidleg på våren ser det ut som eit dødt skogholt, men så veks det grøne fram, så det gule og det kvite, og livet vender tilbake, kraftfullt og mektig.
Bjørkelunden eg vil fortelje om ligg eit stykke inn i parken, omgitt av alt dette. Ikkje langt unna står ein kraftstasjon, eit villniss av master og leidningar, og knurrar som eit grettent dyr. Så tek ein steget inn mellom bjørkene, og blir gripen av ei sakral stille. Den iltre brumminga stilnar av, til ho er nesten borte.
Bjørkene formar ein sirkel av stammer, ein kvit katedral. Kanskje raslar det svakt av blad i trekronene, men roa ligg likevel tungt over staden. Det finst løynde stigar her, som berre blir synlege litt utpå året, når graset har vekst seg så høgt at ein kan sjå linjene der det er slite ned.
Katedralen er liten. Du kan gå gjennom han på eit minutt om du vil, men det vil du ikkje. Du vil sakke farten, stoppe opp, trekkje pusten og kjenne korleis den stille, lette tyngda av staden trekkjer seg heilt ned i tærne.
Så pustar du ut, og kan gå vidare.
Denne teksten skreiv eg som ein 15-minutters oppgåve i skrivegruppa mi. Utfordringa var å skildre ein stad eller ein skapning i naturen, med så mange sansar som mogleg.
Dette er eit område eg kjenner godt. For nokre år sidan, da eg begynte å innvie meg i druidisk spiritualitet, gjekk eg daglege turar gjennom dette området, der eg budde den gongen.
Det var ein prosess der det som til å begynne med var ein uspesifisert masse av grønt, gradvis trødde fram som eit fellesskap av individuelle livsformer, som uttrykte seg på ulikt vis, og som endra seg gjennom årstidene.
Ein ambisjon eg har når eg skriv Rotveven, er å handsame naturen som subjekt, ikkje som kulisse. Rotveven sjølv er ein aktør i historia, eit mønster av trådar, kvar og ein av dei spunnen med ein eigen væren og vilje.
Å skrive på den måten er lettare sagt enn gjort.
Kva det inneber skal eg ikkje seie heilt sikkert. Det kan handle om å freiste å skildre ikkje-menneskelege skapningar med den same forståinga av deira individualitet som når ein skildrar eit menneske. Ikkje eit tre, ein blomst, ein fugl, men ei furu, ei delvis hol gammal barlind, ein trassig løvetann, ein ung svarttrost.
For å skildre tre og blomstrar og fuglar på den måten, må ein òg kjenne dei.
For meg har det vore ein prosess som har teke årevis av livet, og som på ingen måte er ferdig. Det inneber å lære om dei ulike artane eg møter, å sjå skilnad på ulike treslag, å vite kva plantar heiter og kva for eigenskapar dei har, men og korleis eit individ skiller seg frå andre. Eg er framleis ikkje spesielt flink til dette, men langt flinkare enn eg var.
I dag døyr artar ut titals til hundretals gonger raskare enn kva som er normalt. Samstundes er kontakten med økosystema rundt oss svakare enn han har vore for mange, òg for dei av oss som bur på bygda.
Sjølv har eg slukt historier om asken Yggdrasil sidan eg kunne lese, men måtte likevel lære meg korleis ein ask faktisk ser ut i røynda. Vi kan ha tilgang på all mogleg slag informasjon på dingsane våre, og samstundes gå gjennom vårt eige nabolag utan å kjenne namna på det som veks og flyg rundt oss.
Det er vanskeleg å bry seg om noko ein ikkje veit kva er.
Eit prosjekt som tek opp dette i seg er boka The Lost Words: A Spell Book av Robert Macfarlane og Jackie Morris, som kom ut i 2017. Boka kom som eit svar på at vanlege ord, som dei engelske orda for eikenøtt, blåklokke, isfugl og gjerdesmett, hadde blitt fjerna frå oppslagsverket Oxford Junior Dictionary. Grunnen var at dei ikkje vart brukte nok til at forlaget syntest dei burde vere med.
Svaret vart ei formelbok, med dikt og bilete som skal mane fram att orda, og det underlege og særprega ved skapningane og plantane dei peikar mot. Det kan liggje ein kraftig magi i å setje namn på ting.
«Vi har vanskeleg for å elske det vi ikkje kan gje eit namn. Og det vi ikke elskar, vil vi ikkje redde», skriv forfattarane.
Eg trur det er viktig at vi lærer oss å gjenoppdage skapningane vi deler biosfæren med. For å koma tilbake til ambisjonen eg begynte med: Ein annan måte å seie det på er at eg vil skildre naturen med ein slik kjensle av undring at det magiske kjennes som ei naturleg(!) forlenging av det.
Eg vil ikkje skrive ei verd der magien kjem til skogen utanfrå. Han går føre seg der heile tida. Han ligg i røtene som finn vatn mellom steinane, i sopphyfane som veks gjennom molda, i klorofyllet som bind sollys til liv, i frøet som løyser seg frå planten og i det som et det etterpå.
Oppgåva er ikkje å gjere dette magisk. Oppgåva er å lære seg å sjå at det allereie er det.