Kva handlar ho om, då?
"Kva handlar boka di om, då?" er vanskelegare å svare på enn ein skulle tru. Her har eg gjort eit forsøk, som forhåpentleg ikkje er for svevande.
Rotveven skildrar røter som flettar seg i kvarandre, og sopptrådane som viklar seg i og mellom dei. Det er Vevfolket sitt ord for skogen dei lever i, og for verda, som for dei er eitt og det same. Dei nyttar òg ordet til å skildre korleis verda heng saman, som trådar av pust og vilje frå ulike skapningar som flettar seg saman i ein vev.
Verda er delt mellom ulike folkeslag og verdssyn i utkanten av Riket:
Riket vil ha ressursar og rydde nytt land til ei veksande befolkning. Dei følgjer Solmar og Novra (sola og månen), og lærer om reine linjer der alt kjenner sin plass. Dei ynskjer at ljoset skal falle over verda og fortrenge mørkre og kaos.
Dalfolket i Lauvdal dyrkar jorda og ser på arbeid som båe måten dei held seg i live på, og vegen til velstand. Den gamle trua deira fortel om Veigard og Eirdin, som rydda jord og gjorde ei pakt med det ville for å leve i balanse med kvarandre.
Vevfolket lever i Rotveven, som Dalfolket kallar Vyrskog. Dei lever i og av skogen, og erkjenner rotstraumane – ulike måtar livskrafta dei kallar sevje kan bevege seg på i veven. Dalfolket kjenner dei som vetter eller skuggefolk.
Når Dalfolket feller skog for å produsere jarn til Riket, kjem dei to folkeslaga tett på kvarandre. Det oppstår bitre konfliktar om grensene i skogen, men vel så mykje om tre uforeinlege verdssyn som frontkolliderer.
Historia følgjer fire hovudpersonar som får liva sine fletta saman i veven:
- Lórel: Leiaren for Eikhjarta, ein flokk jegarar og speidarar i utkanten av Rotveven. Når striden blussar opp, må ho kjempe både indre og ytre kampar.
- Halv: Leilending frå Lauvdal. Han drøymer om kjærleik, velstand og å vere herre over eige liv, men får det ikkje fordi han ikkje eig eigen jord. Han øygner sjansen til å endre på dette, men det viser seg å bli vanskelegare enn han fyrst hadde tenkt.
- Ingrun: Dottera til bonden Ingvar. Det avgjer både kven ho er og kven ho kan vere. Ho søkjer små lommer av fridom der ho kan, men sjølv den vesle fridomen krev òg sin pris.
- Thírel: Den yngste i Eikhjarta og lei av å vere veslesystera i flokken. Det er éin ting ho kan betre enn nokon andre: å springe. Men kven er ho når ho ikkje kan springe lenger?
Konflikten mellom Vevolket og Dalfolket blir hard. Liv går tapt, og store område blir skada. Til slutt endar det reint gale, anten det skuldast magien til Vevolket, øydeleggingane til Dalfolket, eller at Rotveven sjølv reagerer på ubalansen. Spørsmålet står att: Ventar det forsoning eller meir krig på andre sida av den harde vinteren?
Dette er ei historie om grenser som blir brotne, om skuld og tilhøyrsle, om kropp og vev, om kva som skjer når verder møtest utan å forstå kvarandre sitt språk. Det er ei forteljing der naturen ikkje er bakgrunn, men deltakar, som eit levande nærvær som reagerer, hugsar, og held alt saman gjennom rot, blod og song.