Vi har vanskeleg for å elske det vi ikkje kan gje eit namn
Parken strekk seg som ein gråblå tarm tvers gjennom Groruddalen, mellom motorvegar, toglinjer og næringsbygg. Kraftlinjene som kryssar stigen knitrar når det kjem fukt på dei. Den grå byen er tett på. Vegar og master, rørleidningar og suset av trafikk. Det luktar råte av trea som veks langs elvebreidda. Tidleg