Sverdet i steinen og sverdet i sjøen
"The Lady of the Lake, her arm clad in the purest shimmering samite held aloft Excalibur from the bosom of the water, signifying by divine providence that I, Arthur, was to carry Excalibur. THAT is why I am your king."
Eit sverd er ikkje berre eit våpen eller eit arvestykke. Det er fortetta arbeid, skog, energi, logistikk og makt.
Forteljinga om sverdet i steinen kjem frå mellomalderen. I eit England utan ein samlande konge dukka eit mystisk sverd opp, stoke ned i ein ambolt, og vidare inn i ein stein. Mange gjeve riddarar prøvde, men ingen kunne trekkje det ut, bortsett frå den sanne kongen. Då den unge Arthur til slutt gjorde det, beviste han med det at han var den rettmessige kongen over England.
Den første som nemner denne soga, er Robert de Boron i diktet Merlin, skrive på fransk rundt 1200.
Då kong Arthur ligg for døden etter eit langt og storslagent liv, ber han ein av riddarane sine (opphavleg Griflet, seinare Bedivere) om å kaste sverdet i ein innsjø. Då han gjer det, kjem handa til ei kvinne opp av vatnet, tek imot sverdet og tek det med seg.
Arthur-mytologien har vorte gjenfortalt mange gonger, og har endra seg undervegs. I seinare tradisjon, særleg hos Thomas Malory, vert det til at Frua i sjøen òg er den som gjev Arthur sverdet.
Då har vi plutseleg to historier om korleis Arthur fekk sverdet sitt: Frå steinen og frå sjøen. Begge historiene er så kraftfulle at dei ikkje vil vike for den andre.
Dermed endar ein opp med denne varianten:
- Først trekkjer Arthur sverdet ut av steinen. Dette er berre eit sverd, utan noko spesielt namn, og det brekk ganske raskt når han kjempar mot kong Pellinore.
- Så får han gromsverdet Excalibur av Frua i sjøen etterpå.
- Då Arthur ligg for døden etter slaget ved Camlann, vert Excalibur kasta tilbake i vatnet der det kom frå.
Dette er forteljinga om Arthurs to sverd slik ho etter kvart etablerte seg: Eit som legitimerer makta for den unge og ukjente kongen, eit som blir eit samlande symbol for Arthurs regime heilt fram til han døyr.

Begge forteljingane seier mykje om korleis sverd ofte vert handterte i fantasylitteratur: Dei berre er der. Dei vert delte ut av mystiske kvinner i magiske tjedn. Dei vert funne. Ein får dei av faren sin. Ein kjøper dei kanskje av ein smed.
Ein ser sjeldan prosessen med å skaffe dei til vegar. Til naud ser ein smeden, som urlege skikkelsar som Hefaistos, Vulcan, Brigid eller Volund, eller støttekarakterar som Gendry i Game of Thrones.
Men før ein i det heile teke kan begynne å smi, må jernet utvinnast. Det er slitsamt og lite glamorøst arbeid, slik arbeidsfolk driv med, ikkje kongar. Kanskje er det derfor vi ikkje høyrer så mykje om det i mytane.
Eit unntak er Isengard frå Ringenes Herre, som faktisk er eit eksempel på at man ser den økologiske effekten av jarnproduksjon. Saruman hogger ned skogen for å utruste ein hær. Samstundes behandlar fortellinga det som eit teikn på at han er slem. Dei snille får ha sine vapen og rustninger av magisk alvemetall utan at det koster naturen nokon ting.
Men kanskje er ikkje forteljingane heilt rensa for dette arbeidet likevel. Om ein graver litt i forteljingane om Arthurs sverd, kan ein kanskje likevel ane nokre ekko som fortel oss noko om opphavet til jernet.
Sverdet i steinen seier noko om kor jernet kjem frå: Frå fjellet. Vi skjønar at å trekke jern ut av stein ikkje er berre-berre, og at å kontrollere ein slik viktig ressurs er noko av det som gjer ein konge til ein konge. Eg kan ikkje vite om Robert de Boron tenkte på malm og bergverk då han skreiv diktet sitt. Det er uansett freistande å lese sverdet i steinen som eit bilete på det vanskelege opphavet til metallet. Det som ligg skjult i berget, er ikkje tilgjengeleg for kven som helst.
Kva med sverdet frå sjøen, då? Som Monty Python minner oss på, er underlege kvinner som ligg i tjedn og deler ut sverd ikkje noko grunnlag for ei legitim regjering. Kanskje er det likevel ikkje så merkeleg som det først kan verke. I store delar av Skandinavia vart nemleg jern utvunne frå myrmalm: jernrike avsetningar som vert danna der vatn, mineral, mikroorganismar og torv møtest. Vatn rann frå fjella og tok med seg mineral som sette seg i torva. Frua i sjøen ber med seg eit minne om dette, at jernet kjem frå vatnet.
Kanskje kan vi ane eit konseptuelt slektskap mellom Frua i sjøen og Brigid, den irske gudinna som vert forbunden både med eld, vatn og smikunsten, sjølv om det ikkje går ei direkte line frå den eine til den andre.
Å få jernet ut av myra var ein ressurskrevjande og økologisk destruktiv prosess. Myrmalmen vart gravd opp, tørka og gjerne røsta før han vart lagd lagvis med trekol i ein jernvinneomn. Ved høg varme og kontrollert lufttilførsel vart jernoksidet redusert. Ut kom ikkje flytande stål, men ein klump jern og slagg som måtte bearbeidast vidare med hammar.
Ein jernvinneomn måtte opp i temperaturar rundt 1100–1300 °C. Produksjonen kravde store mengder trekol, og trekol kravde atter betydelege mengder ved. Det var i skogen og myra kostnaden ved sverdet vart betalt.
Valdres, der eg bur, var eit historisk senter for jernproduksjon fram til 1300-talet. Restane etter kolproduksjonen pregar framleis landskapet 700 år seinare. Rester av bokstaveleg talt tusenvis av kolgroper set avtrykk i skog og terreng.

Mange tre og mykje arbeid gjekk med. Jernproduksjonen hengde derfor òg saman med ei omfattande avskoging. Tilgang til skog, trekol og jern var ein strategisk ressurs i vikingtid og mellomalder. Det er derfor nærliggjande å sjå kontroll over skogrike område og produksjonslandskap som éin av fleire materielle føresetnader for politisk makt i Skandinavia.
Det gjer Frua i sjøen litt mindre tilfeldig. Ho behøver ikkje vere eit minne om faktisk jernvinne. Men ho kan lesast som eit ekko av ein materiell røyndom: at metallet ikkje berre kjem frå fjellet, men òg frå våtmarka.
Eit sverd er altså kulminasjonen av tusenvis av arbeidstimar og skog, og dermed òg eit uttrykk for ein samfunnsorden som gjer ein slik produksjon mogleg. Når Monty Python hevdar at sverd frå vatnet er "no basis for a system of government", er det altså ikkje heilt rett. Kanskje det var nettopp det det var.
Men kva skjer dersom landskapet har ein eigen vilje, eller det er andre som lever i det, som har stemme til å artikulere sin usemje? Det er noko av det Rotveven handlar om.