I verdsrommet kan ingen høyre deg akke deg over økosystemet: Becky Chambers' To Be Taught, If Fortunate

Share
I verdsrommet kan ingen høyre deg akke deg over økosystemet: Becky Chambers' To Be Taught, If Fortunate
Jeremy Thomas, Unsplash

Ein les, og så tenkjer ein.

Gjennom mykje av arbeidet med Rotveven har eg lese veldig lite. Det er som om tankane ikkje ville forstyrrast. Men så er det periodar der ein grublar, og flikkar på tekst, og sinnet blir meir ope for nye tankar igjen. Då les ein. Men ein tenkjer òg annleis på det ein les.

Ei bok eg fekk anbefalt, er Becky Chambers sin kortroman To Be Taught, If Fortunate. Boka følgjer fire astronautar på romskipet Merian som kartlegg livsformer på ukjende planetar, femten lysår unna jorda. Ho handlar om verdsrommet, ikkje skogen, men resonnerer med det eg skriv likevel.

(Les du vidare, vil du møte spoilarar for boka, og for filmen Dark Star.)

Tittelen spelar på utsegnet til FNs generalsekretær Kurt Waldheim som vart send ut i verdsrommet med romsonden Voyager i 1977: "We step out of the solar system into the universe seeking only Peace and friendship - to teach, if we are called upon, to be taught, if we are fortunate."

I røynda var det kanskje litt meir enn altruisme og fredssøking som sendte menneska ut i verdsrommet. Det første romkappløpet vart drive fram av rivaliseringa mellom stormakter under den kalde krigen. I det noverande romkappløpet har kiving mellom kapitalistar teke plassen til supermaktene, men logikken er den same: reisa ut i verdsrommet er ein kamp om makt, anten det er på marknaden eller i geopolitikken.

Astronautane i Becky Chambers sin bok blir drivne av heilt andre ting. Dei representerer eit ikkje-kommersielt initiativ, og søkjer kunnskap for kunnskapens eiga skuld. Dei driv av nysgjerrigheit og ei oppriktig kjærleik til vitskapen.

Mange har lese boka som optimistisk, som noko som gjev dei trua på menneska. For meg er det meir nærliggjande å lese henne som ei skrekkhistorie.

Det rår tilsynelatande ein idyllisk stemning mellom hovudpersonen Ariadne O'Neill og kollegaene hennar Elena Quesada-Cruz, Jack Vo og Chikondi Daka.

Det er ingen korrupt regjering eller machiavellisk konsern som strekkjer tentaklane sine inn i ekspedisjonen. Han er ein del av Open Cluster Astronautics, som er eit folkefinansiert, ikkje-kommersialisert forskingsprosjekt som berre søkjer kunnskap (inspirert av initiativ som finst i røynda, visstnok). "Apolitical, international, non-profit (…) Space Exploration is best when it's done in the name of the People."

Dei fire romfararane er ikkje berre kollegaer, men òg gode venner og tidvis elskarar (bortsett frå den aseksuelle av dei) utan at det fører til sjalusi og intrigar.

Dei er kvinner og menn (ein av dei trans) med ulik bakgrunn. Dette er korkje ei kjelde til konflikt eller mangfald for sin eiga skuld; det framstår meir som ein styrke som gjer at dei konsensusbaserte avgjerslene deira blir meir robuste.

Det dei har til felles er nemleg at dei er forskarar, som elskar jobben sin, er opptekne av kunnskap som eit mål i seg sjølv, og meir enn opptekne av å ikkje påføre skade på økosystema dei undersøkjer.

Etter Alien og Avatar og Elon Musks SpaceX kjennest dette både forfriskande og nesten meir utruleg å enn romvesena dei møter. Likevel står dette som ein liten, skjør motkultur i ei verd der økologisk samanbrot, krig og politikk fortsetter murre i bakgrunnen.

“I'm an observer, not a conqueror. I have no interest in changing other worlds to suit me. I choose the lighter touch: changing myself to suit them.”
Ariadne, To Be Taught, If Fortunate

Mange forteljingar i skrekksjangeren kan begynne med ein tilsynelatande idyll, som slår sprekker når han vert sett under press. Fellesskapet mellom mannskapet på Merian held likevel. Dei bryr seg om kvarandre, og om oppdraget sitt. Idyllen tenar ikkje berre som kontrast til det skumle som skal skje. Det er som om forfattaren vil seie: Slik kan menneske òg vere. Slik kan vi velje å leve, om vi vil.

Noko Chambers likevel ikkje diskuterer, er kva som skjer med resultata av forskinga. Same kor altruistisk og etisk dei som hentar inn kunnskapen opptrer, er det jo eit anna spørsmål kva kunnskapen blir brukt til seinare. Mykje av infrastrukturen og grunnforskinga den private romindustrien kviler på, er offentleg finansiert. Kapitalen kjem ofte til slutt, når risikoen er teken og kunnskapen allereie er laga. Elon Musk har brukt mykje offentleg finansiert grunnforsking som grunnlag for å byggje sitt onde imperium, til dømes.

Òg i fiksjonsforteljinga har altruismen sine grenser. Mannskapet tek imot nyhendebulletinar frå jorda, med femten års forseinking sidan dei er så langt borte.

I ein av dei får dei beskjed om at heimlandet til Elena er øydelagt i ein stor økologisk katastrofe.

Etter kvart sluttar dei å følgje med på nyhenda. Det er slitsamt å forhalde seg til. Dei kan ikkje gjere noko med det uansett.

Så sluttar nyheitene å kome.

Det var ikkje ein del av protokollen. Noko er gale.

Kanskje dei blir nødde til å sjå på nyhenda likevel, for å finne ut kva som har skjedd. Men dei får ikkje noko svar. Dei berre tek slutt.

Ein dag kjem ein beskjed likevel. Ikkje frå jorda, men frå ekspedisjonen som drog ut før dei. No er dei er på veg tilbake til jorda, men har ikkje fått noko svar. Dei skal lande, og lovar å sende ei oppdatering neste dag om korleis det har gått.

Oppdateringa kjem aldri.

Det ser ut til at teknologien på jorda har vorte slått ut av ein solstorm. Kor store skadane på samfunnet har vorte, er umogleg å seie. Menneska har vore så opptekne av dei førre krisene dei arva at dei ikkje har klart å førebu seg på den neste.

Eg skal ikkje seie korleis det går med Elena, Jack, Chikondi og Ariadne. Det kan du lese sjølv.

Brian Narelle og Cal Kuniholm i Dark Star (1974)

Då eg las boka, slo det meg at ho hadde mange berøringspunkt med den klassiske SF-filmen Dark Star av John Carpenter og Dan O'Bannon frå 1974. I likskap med To Be Taught… følgjer han fire romfararar langt ute i verdsrommet, på oppdrag for nokon på jorda som verkar så langt borte at dei nesten er irrelevante. Begge verka utforskar korleis isolasjon og einsemd påverkar dei romfarande. Mannskapet må handtere romvesen som er lause i farkosten deira.

Samstundes er det viktige skilnader mellom dei. Oppdraget til mannskapet på Merian er å observere og forstyrre minst mogleg. Ariadne minner om at dei er gjester, ikkje kolonistar: "We do our best to leave no trace."

Doolittle, Pinback, Boiler og Talby på Dark Star har eit stikk motsett utgangspunkt. Dei er der for å ødelegge ustabile planetar i ulike solsystem som utgjer ein trussel for framtidig kolonisering, som ein slags galaktiske bygningsarbeidarar. "Don't give me any of that intelligent life stuff, just give me something I can blow up", seier Doolittle i ein frustrert augeblink.

I motsetning til Merians besetning er alle dei fire kvite menn, som liknar kvarandre til forveksling.

Last week was my birthday. Nobody even said "happy birthday" to me. Someday this tape will be played and then they'll feel sorry.
Sgt. Pinback, Dark Star

I begge historiane er det openbert at menneska finn seg på eit stad dei ikkje eigentleg er laga for å vere.

Etter 20 år i verdsrommet knirkar Dark Star i samanføyingane. Datamaskina fuskar. Skipet er infisert av radioaktivitet. Det er ikkje meir toalettpapir om bord. Mannskapet lid av alvorleg brakkesjuke, og tilbringar tida med å høyre på musikk, stirre formålslaust ut i tomrommet, leggje kabal og spele xylofon.

På Merian merkar ein òg brakkesjuka, når dei er stranda på eit skjer på ein vassplanet, omgitt av storm og med skipet dekka av sjøpølse-liknande romvesen som sug seg fast til skroget. Likevel tåler fellesskapet stresset betre.

Chambers viser korleis menneska er eit framandelement meir kroppsleg. Når astronautane vaknar av kryosøvn er det første dei gjer å trekkje ut kateteret. Alle kroppsopningar er tilstoppa av guff. Før dei kan reinse seg må dei klippe neglene, som har vakse seg så lange at dei ikkje kan bruke hendene skikkeleg. Dei har fått rynker og grå hår i løpet av det som for dei kjennest som ein kort lur. For å overleve presset av framande omgivnader har dei på seg ein slags genteknologiske nikotinplaster som endrar kroppane deira. Eit stad glitrar huda deira for å absorbere meir sollys, eit anna stad har dei fått abnormt store musklar for å tåle den kraftige gravitasjonen. Når dei endeleg kjem til ein planet med jordliknande atmosfære og Ariadne ser seg i spegelen, synest ho kroppen ser kjedeleg ut. Han er jo heilt vanleg.

Eit dramatisk høgdepunkt i begge forteljingane oppstår når eit romvesen kjem seg på frifot i romskipet, og mannskapet ser seg nøydd til å drepe det. Det badeball-liknande romvesenet i Dark Star skulle seinare inspirere dei nervepirrande scenene i Alien, som òg vart skrive av Dan O'Bannon. Trass i utsjånaden er romvesenet genuint skummelt. Mannskapet fryktar for liva sine.

Romvesenet som kjem seg fri på Merian liknar på ein sokk, ikkje ein badeball. Her er det romvesenet som er reddast. Mannskapet fryktar først og fremst at det skal ta med seg bakteriane deira tilbake til sitt habitat, slik at dei forårsakar ein økologisk katastrofe. For å unngå det må dei drepe romvesenet, sjølv om det er hjarteskjerande. Det skrik når dei skyt det, og dei må skyte igjen og igjen før det endeleg dør.

Doolittle (Brian Narelle) surfar på restane av det sprengde romskipet Dark Star (1974).

Den største trusselen viser seg likevel å vere menneskeskapt. For mannskapet på Dark Star kjem slutten i form av ei bombe med kunstig intelligens, som bestemmer seg for å eksplodere på eit uhellig tidspunkt. Dei freistar å snakke henne frå det gjennom å diskutere eksistensialistisk filosofi med bomba, men det nyttar ikkje.

For mannskapet på Merian er det solstormen. Den er ikkje menneskeskapt i seg sjølv, men sårbarheita til menneskesamfunnet for ein slik solstorm er deira eige verk. Solstormen er naturleg, men katastrofen er politisk. Òg i Dark Star er ein elektromagnetisk storm med på å få skipet og bomba til å fungere dårleg.

Kva har alt dette med Rotveven å gjere? Vel, mannskapet på Dark Star og Merian representerer ulike syn på plassen til mennesket i økosystemet og korleis ein forheld seg til naturen. Det er tilfeldigvis òg det som er den sentrale konflikten i Rotveven.

Ariadne får siste ord, som klinger att i trådane i veven:

“Don't believe the lie of individual trees, each a monument to its own self-made success. A forest is an interdependent community. Resources are shared, and life in isolation is a death sentence.”