Språk er ikkje berre namn på verda

"Veven syng vakkert når vi høyrer på avstand. Men jo nærare ein lyttar, jo meir merker ein at straumane òg stritt imot kvarandre, som ei floke av pust og vilje. Kanskje er det i slik usemje verda held seg levande", seier vevsongaren Leik.

Share
Språk er ikkje berre namn på verda

Rotveven er både faktiske røter og eit bilde på verda og korleis ho henga saman.

På eit plan er det eit namn på trådane av røter og sopp som går gjennom jorda mellom plantene; dei mykorrhizale sambanda som bind skogbotnen saman. Forskaren Suzanne Simard har skrive om slike nettverk i Finding the Mother Tree. Kva dei kan bere av næring, signal og samband, og kor mykje vi enno ikkje veit om dei, er ein del av underet.

For Eikhjarta og Vevfolket er det og eit namn på skogen dei lever i, og dermed og for verda. Soga deira er fortalt i boka Rotveven, som blir skrive av forfattaren av denne nettsida.

Ordet skildrar óg og eit kosmisk verdsbilete, der det Leik kallar "trådar av pust og vilje" flettar seg inn i kvarandre. Å eksistere er å samhandle. Menneske og dyr, plantar og ånder viklar saman liv og røter i eit nettverk av liv og skjebnefellesskap. Trekkjer ein i ein tråd i veven, endrar mønsteret seg for alle.

Det er ikkje det einaste verdsbiletet som finst, men det er sant. Kanskje dei andre og er sanne.

Dei siste hundreåra har vi innbilt oss at verda er mekanisk. Vi fann opp hjulet, og tok til å sjå verda som eit hjul. Vi fann opp skrivekunsten, og vips vart heile verda ei bok. Etter kvart som maskiner og mekanikk tok til å prege samfunnet, fann ein eller annan luring ut at både verda og menneskekroppen var ein maskin, eit digert urverk.

Caliban and The Witch skildrar Silvia Federici korleis mekanisering og teknologiske endringar førte med seg endringar i verdsbiletet. Då kapitalismen tok til å vekse fram, vart ikkje berre verda og samfunnet, men og menneskekroppen i aukande grad oppfatta som maskiner.

Tidlegare tiders animisme eller erkjenning av subjektiviteten til naturen vart borte. Berre mennesket var i stand til å handle medvitent. Alt anna var instinkt og mekanikk. Descartes dissekerte levande dyr. Smerteskrika deira var jo berre ein mekanisk respons. Opp til ganske nyleg funderte vi på om det i det heile var mogleg for fisk å kjenne smerte.

Samstundes har det mekanistiske verdsbiletet aldri heilt kunna utrydde kjensla av ærefrykt overfor naturen. Å verte gripen av det sublime. Kjensla av å vere ein del av noko større enn seg sjølv.

Språk er ikkje berre namn på verda. Orda lærer oss kva vi kan sjå, og kva vi kan late vere å sjå. Dei set rammer for kva vi trur kan gjerast med kroppar, skogar og vatn. Når skogen blir naturkapital og vatnet ei økosystemteneste, blir livet rundt oss gjort om til noko som skal levere.

Kanskje kan vi igjen lære å sjå at andre livsformer handlar i verda, utan å vere menneske. Fuglar har kultur. Plantar har former for minne. Skogen syng ikkje med éin harmonisk røyst. Han er eit mylder av samband, konfliktar, avhengnad og forvandling. Å hugse det, og å setje ord på det, er ein form for motmagi.

Dei som har lytta til Rotveven, har aldri gløymt det.